lørdag 22. desember 2012

Permisjon frå permisjonen

Dag 5: No har kåna juleferie og då er det naturleg å overlate barnepass, husarbeid og cupcakes til henne! Har derfor ikkje så mykje å skrive om på denne bloggen heller, så vil derfor ynskje alle ei velsigna jul og eit riktig godt nytt år, så kjem vi sterkare tilbake att neste år :-)


fredag 21. desember 2012

Graut

Dag 4, del 2: Litt uenige rundt grautmåltidet i dag. Jentungen vil ha smikka av, pappa vil ha han på. Ta av, ta på, ta av, ta på, ta av, ta på, ta av, ta på, ta av, ta på, ta av, ta på.
Og sånn går no dagane....

Soving er oppskrytt!

Dag 4, del 1: I natt har jentungen vore så sosial at ho ikkje har villet sove. Det er heitl topp, fordi mamma og pappa liker å vere oppe på natta. Vi har hatt pysjamasparty alle tre. Jentungen har snakka og skreke masse i rein fryd. Det var kjempegøy! Dette må vi gjere på ny!


torsdag 20. desember 2012

Krydderboller!

Dag 3, del 2: Sida det er to dager sida eg baka pizza grandiosa så var det på tide å fylgje opp med litt anna gjærbakst til kaffien! Krydderboller var tingen! Det smakte godt! Jentungen blei sur for ho fekk ikkje smake. Ho fekk pepperkake. Då blei ho glad att!

Skulle eigentleg serveres med cafè latte, men det blei berre cafè for latten var vi tom for :-)




Morgenstund har gull i munn...

Dag 3, del 1: Sto opp klokka 05.20. Ho ville ikkje sove meir. Det var kjempegøy!
Ho sa det var fordi ho gler seg slik til å bake krydderboller.
Pappa tok bleia på rett veg. Jentungen var stolt av pappa!


onsdag 19. desember 2012

Open barnehage

Dag 2, del 3: No har vi vore i open barnehage. Det var gøy! Det dumme med dei opne barnehagane er at foreldra må vere med. Då blir det mindre tid til café latte og cupcakes :-(
Til gjengjeld fekk vi servert risboller og rumensk formkake. Jippi! Det var godt!


Bleieskift 2

Dag 2, del 2: Alle gode ting er tre. Pappa tar bleia på feil veg-IGJEN!
Jentungen håper verkeleg at pappa snart lærer...

Gulp!

Dag 2, del 1: Pappa vakna med ansiktet fullt av gulp! Pappa blei våt! Det var kjempegøy! Jentungen gjer det garantert igjen :-)
PS: Pappa tok visst bleia på feil veg i dag også, men oppdaga det før jentungen tissa på seg :-)

tirsdag 18. desember 2012

Kaffi

Dag 1, del 3: Pappa tek oppvasken og lagar kaffi til mamma! Mamma blir glad!

Treningsnarkoman!

Dag 1, del 2: Pappa har blitt treningsnarkoman og har gått ned til byn. Sjølvsagt shoppa julegåver! Var redd for å bli overtrent, så tok bussen heim att. Sida denne bloggen blant anna handler om baking, avslutta eg ettermiddagen med å bake ein pizza Grandiosa til mamma kom heim frå jobb. Oppskrifta finn du forøvrig på stabburet.no

Bleieskift

Dag 1, del 1: I dag tok pappa bleia på feil veg. Jentungen tissa på seg! Det var kjempegøy! Pappa gjer det neppe ein gong til :-)