tirsdag 5. februar 2013

Ein bussjåfør!

Dag 50: I dag skulle vi ta bussen til byn. For å kome inn på bussen måtte vi forsere ein kant.
Det var ikkje lett!
Pappa køyrte vogna inn feil veg slik at hjulene på barnevogna satt seg fast under kanten på bussen.
Vi måtte ha hjelp! Dette fekk vi.
Når vi kom inn på bussen laud det frå høgtalarane: "Sånn går det når fedrene skal ut på trilletur"
Jentungen syntes bussjåføren var kjempemorsom!
Pappa syntes bussjøføren var teit!


fredag 1. februar 2013

onsdag 30. januar 2013

mandag 28. januar 2013

Tissa meg ut!

Dag 42: Jentungen ville ha ordet denne gongen også:

I dag skjedde det noko gøy!
I går gjekk pappa tom for bleier. Det var synd for han, for på søndager er butikkane stengt!
Når eg skulle få ny bleie mandag morgon fekk pappa fekk ein god ide!
Trudde han!
Han tok på ei eingongsbadebleie i staden, og så kunne han kjøpe med seg vanlege bleier på veg ned til den opne barnehagen og skifte der!

Det pappa ikkje visste var at badebleier ikkje held spesielt bra på vatn (det er derfor han egner seg så godt til bading), og dette visste eg å utnytte til fulle. Eg tissa MASSE på veg ned til barnehagen, så når pappa tok meg opp av vogna att så hadde eg tissa ut både strømpebukse og trusetrøye.
Pappa hadde ingen skift med. Det var dumt.
Når pappa måtte seie at vi måtte gå att før vi i det heile tatt hadde komen, blei pappa kjempeflau!
Det var kjempegøy! Eg lo høgt!

Det var heldigvis nokre snille barnehagetanter der som kunne låne meg nokre klede, så det blei jackpot: Pappa tabba seg ut, han blei flau, eg fekk le, lo litt til, eg fekk likevel leike og alt var attpåtil min feil! JIPPI!


torsdag 24. januar 2013

Jentungen vil også bidra!

Dag 38: Sida denne bloggen også handler om ho, ville også ho bidra med eit innlegg.
Dette hadde ho på hjarta:

 f ftxvxx0b 
 v
  V rft
 cv  h0cf012x                                        01n    b                                                                                       0
, nnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnn
  40n  n hn n b 0                                                                                                                                                                             3
,
 bn n01yhj13
 b0

onsdag 23. januar 2013

MISSION IMPOSSIBLE!

Dag 37: Pappa og jentungen hadde ein plan. Planen var god og nøye gjennomtenkt! Pappa trudde planen verka for han hadde ikkje vaska klede på lang tid!
Plutseleg blei bomba slept!
Mamma syntes toppen var fin! Mamma likte grønt. Mamma skraut fælt av pappa! Syntes han var flink og kreativ!
Pappa fekk skryt!
Pappa blei glad, men angra på at han ikkje hadde vaska klede på over ei veke.
Pappa gjer det neppe igjen.



tirsdag 22. januar 2013

Giftsentralen!

Dag 36: I dag var det action i den opne barnehagen. Jentungen fann ein klump med oppvaskmaskinspulver på kjøkkengolvet.
Mmm, det såg godt ut! Det har eg ikkje smakt før. Jentungen putta det i munnen og pappa såg det litt for seint.
Pappa ringte giftsentralen!
Endeleg litt action!
Jentungens skuffelse var stor når pappa kunne fortelle at det truleg kom til å gå heilt bra.  Ikkje hadde ho vore ordentlig sjuk før og så hadde ho høyrt at på legevakten var det så spanande! Neste gong må ho vere smartare! Kanskje salmiakk hadde vore noko?