Dag 42: Jentungen ville ha ordet denne gongen også:
I dag skjedde det noko gøy!
I går gjekk pappa tom for bleier. Det var synd for han, for på søndager er butikkane stengt!
Når eg skulle få ny bleie mandag morgon fekk pappa fekk ein god ide!
Trudde han!
Han tok på ei eingongsbadebleie i staden, og så kunne han kjøpe med seg vanlege bleier på veg ned til den opne barnehagen og skifte der!
Det pappa ikkje visste var at badebleier ikkje held spesielt bra på vatn (det er derfor han egner seg så godt til bading), og dette visste eg å utnytte til fulle. Eg tissa MASSE på veg ned til barnehagen, så når pappa tok meg opp av vogna att så hadde eg tissa ut både strømpebukse og trusetrøye.
Pappa hadde ingen skift med. Det var dumt.
Når pappa måtte seie at vi måtte gå att før vi i det heile tatt hadde komen, blei pappa kjempeflau!
Det var kjempegøy! Eg lo høgt!
Det var heldigvis nokre snille barnehagetanter der som kunne låne meg nokre klede, så det blei jackpot: Pappa tabba seg ut, han blei flau, eg fekk le, lo litt til, eg fekk likevel leike og alt var attpåtil min feil! JIPPI!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar