tirsdag 5. februar 2013

Ein bussjåfør!

Dag 50: I dag skulle vi ta bussen til byn. For å kome inn på bussen måtte vi forsere ein kant.
Det var ikkje lett!
Pappa køyrte vogna inn feil veg slik at hjulene på barnevogna satt seg fast under kanten på bussen.
Vi måtte ha hjelp! Dette fekk vi.
Når vi kom inn på bussen laud det frå høgtalarane: "Sånn går det når fedrene skal ut på trilletur"
Jentungen syntes bussjåføren var kjempemorsom!
Pappa syntes bussjøføren var teit!


fredag 1. februar 2013

onsdag 30. januar 2013

mandag 28. januar 2013

Tissa meg ut!

Dag 42: Jentungen ville ha ordet denne gongen også:

I dag skjedde det noko gøy!
I går gjekk pappa tom for bleier. Det var synd for han, for på søndager er butikkane stengt!
Når eg skulle få ny bleie mandag morgon fekk pappa fekk ein god ide!
Trudde han!
Han tok på ei eingongsbadebleie i staden, og så kunne han kjøpe med seg vanlege bleier på veg ned til den opne barnehagen og skifte der!

Det pappa ikkje visste var at badebleier ikkje held spesielt bra på vatn (det er derfor han egner seg så godt til bading), og dette visste eg å utnytte til fulle. Eg tissa MASSE på veg ned til barnehagen, så når pappa tok meg opp av vogna att så hadde eg tissa ut både strømpebukse og trusetrøye.
Pappa hadde ingen skift med. Det var dumt.
Når pappa måtte seie at vi måtte gå att før vi i det heile tatt hadde komen, blei pappa kjempeflau!
Det var kjempegøy! Eg lo høgt!

Det var heldigvis nokre snille barnehagetanter der som kunne låne meg nokre klede, så det blei jackpot: Pappa tabba seg ut, han blei flau, eg fekk le, lo litt til, eg fekk likevel leike og alt var attpåtil min feil! JIPPI!


torsdag 24. januar 2013

Jentungen vil også bidra!

Dag 38: Sida denne bloggen også handler om ho, ville også ho bidra med eit innlegg.
Dette hadde ho på hjarta:

 f ftxvxx0b 
 v
  V rft
 cv  h0cf012x                                        01n    b                                                                                       0
, nnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnn
  40n  n hn n b 0                                                                                                                                                                             3
,
 bn n01yhj13
 b0

onsdag 23. januar 2013

MISSION IMPOSSIBLE!

Dag 37: Pappa og jentungen hadde ein plan. Planen var god og nøye gjennomtenkt! Pappa trudde planen verka for han hadde ikkje vaska klede på lang tid!
Plutseleg blei bomba slept!
Mamma syntes toppen var fin! Mamma likte grønt. Mamma skraut fælt av pappa! Syntes han var flink og kreativ!
Pappa fekk skryt!
Pappa blei glad, men angra på at han ikkje hadde vaska klede på over ei veke.
Pappa gjer det neppe igjen.



tirsdag 22. januar 2013

Giftsentralen!

Dag 36: I dag var det action i den opne barnehagen. Jentungen fann ein klump med oppvaskmaskinspulver på kjøkkengolvet.
Mmm, det såg godt ut! Det har eg ikkje smakt før. Jentungen putta det i munnen og pappa såg det litt for seint.
Pappa ringte giftsentralen!
Endeleg litt action!
Jentungens skuffelse var stor når pappa kunne fortelle at det truleg kom til å gå heilt bra.  Ikkje hadde ho vore ordentlig sjuk før og så hadde ho høyrt at på legevakten var det så spanande! Neste gong må ho vere smartare! Kanskje salmiakk hadde vore noko?


søndag 20. januar 2013

Prompeleken!

Dag 34: Jentungen har funnet på ein lek! Prompeleken kaller ho han. Den går ut på å lage prompelyder når ein et graut. Det var Kjempegøy! Jentungen lager lyd og pappa tørker opp! Dette kjem vi garantert til å gjere igjen!



lørdag 19. januar 2013

Kvifor hyler jenter så mykje på fest?

Dag 33: I natt var det helg, og då syntes jentungen det var på høg tid å ha eit nytt party! Nok ein gong var det pysjamasparty som var tingen! Og det varte lenge! Veldig lenge! Frå 01-04.30. Det er alt for seint og alt for lenge for ein mann i min alder.
Dessutan var det litt i overkant mykje støy. Kva er eigentleg greia med at jenter MÅ hyle så mykje når dei er på fest? Det er tydeleg at det er genetisk, for jentungen har allereie lært seg nettopp dette...
Jentungen syntes festen var kjempegøy! Den beste til no! Pappa var meir skeptisk. Det har skjedd før, og skjer garantert igjen!
Trur vi må sette opp nokre framtidige reglar for desse festane...


torsdag 17. januar 2013

Ein utspekulert plan!

Dag 31: No har eg og jentungen klekka ut ein utspekulert plan!
Vasking var ikkje så kjekt.
Kva om vi blanda farga og kvite klede? Det blir sikkert gøy! Då blir sikkert mamma glad! Då slepp eg sikkert å vaske meir. Dette skal gå vegen! Trur det funker. Har ikkje vaska på ei veke no!
Slik blei den tidlegare kvite toppen:


tirsdag 15. januar 2013

Barselgruppe


Dag 29: I dag var eg i barselgruppe på helsestasjonen for fyrste gong. Det byrja bra, for jentungen hadde så lyst å finne ut kor tung ho hadde blitt. Helsesøster såg på! Jentungen insisterte på å ligge naken. Hmm, kva er det ho pøsnker på.....? Jentungen hadde ein plan.
Pappa tok jentungen opp frå vekta, og før pappa visste ordet av det var han full av tiss! Det syntes jentungen var gøy. Helsesøster også! Pappa var noko meir skeptisk...
Helsesøster kommenterte tørt: "Det ser visst ut til at du kosar deg i permisjon du".



fredag 4. januar 2013

Ei kone som forstår meg!

Dag 18, del 3: No har eg vaska tre maskiner med klede! Kona var grei og viste meg korleis vaskemaskina fungerer. Ho sa eg var flink! Ho sa til og med at eg kunne få lov til å skifte på senga! Er grei ho kona mi! Godt å ha ei kone som forstår meg.






Vasking er for kvinnfolk!

Dag 18, del 2: No hoper det seg opp med klesvask og kona meiner at eg må gjere det! Har du høyrt for noko tull! Eg nektar å gjere kvinnfolkarbeid. Skal ta ein alvorsprat med henne når ho kjem att! Då skal eg vise henne kem som er sjefen i huset! Dette gjer eg meg ikkje på!


Tiss og bæsj!

Dag 18, del 1: Dagen starter med tiss og bæsj på stovegulvet! Jippi! Når jentungen skulle bytte bleie var det tomt på badet og pappa måtte på boden og hente nye. Jentungen venta i stova, men gadd ikkje å vente på pappa og tissa og bæsja på gulvet! Dette syntes pappa var bra, for jentungen har lært at ein treng ikkje bleie på for å kunne gjere frå seg. Jentungen fekk derfor masse skryt!


torsdag 3. januar 2013

På an igjen

Dag 17: Så var ferien over og moroa i gong att. Etter å ha hatt pysjamasparty heile romjula, så syntes jentungen at det var på tide med litt søvn. Sto opp klokka 08, noko som pappa syntes var litt seint, han liker jo så godt å stå tidleg opp og få mest ut av dagen. Pappa syntes det var dumt at vi droppa pysjamaspartyet, fordi pysjamasparty er jo så gøy! Men jentungen, fornuftig som ho er, ga grei beskjed om at det er forskjell på ferie og kvardag og at det var på tide med litt søvn no. Fornuftig som ho er så har ho nok rett...