Dag 33: I natt var det helg, og då syntes jentungen det var på høg tid å ha eit nytt party! Nok ein gong var det pysjamasparty som var tingen! Og det varte lenge! Veldig lenge! Frå 01-04.30. Det er alt for seint og alt for lenge for ein mann i min alder.
Dessutan var det litt i overkant mykje støy. Kva er eigentleg greia med at jenter MÅ hyle så mykje når dei er på fest? Det er tydeleg at det er genetisk, for jentungen har allereie lært seg nettopp dette...
Jentungen syntes festen var kjempegøy! Den beste til no! Pappa var meir skeptisk. Det har skjedd før, og skjer garantert igjen!
Trur vi må sette opp nokre framtidige reglar for desse festane...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar