Dag 36: I dag var det action i den opne barnehagen. Jentungen fann ein klump med oppvaskmaskinspulver på kjøkkengolvet.
Mmm, det såg godt ut! Det har eg ikkje smakt før. Jentungen putta det i munnen og pappa såg det litt for seint.
Pappa ringte giftsentralen!
Endeleg litt action!
Jentungens skuffelse var stor når pappa kunne fortelle at det truleg kom til å gå heilt bra. Ikkje hadde ho vore ordentlig sjuk før og så hadde ho høyrt at på legevakten var det så spanande! Neste gong må ho vere smartare! Kanskje salmiakk hadde vore noko?

Nei, salmiakk e ikkje tingen for hu nåken gong!!! Og hu har vore på legevakten før, sjølv om hu ikkje va pasienten... Hu huska nok at da ikkje va så stas om du bere minne ne på da!
SvarSlett